onsdag 10. september 2008

Thriller


Eg trudde ikkje dette skulle vere ei krimbok. Hovudpersonane i boka er heller ikkje politimenn, detektivar, eller journalistar for den del.
---
Den mannlege hovudpersonen er ein vanleg kar som i sin ungdom prøvde å skilje to som slåst. I staden endar han opp som drapsmann. Sjølv om han er uskyldig dømt, endrar åra i fengsel han på mange måtar. I staden for å leve eit fredeleg liv med henne han giftar seg med, dukkar det opp skjer i sjøen.
---
Boka, som vert omtalt som thriller, er utruleg spennande. Eg har høyrt 3 CD-ar berre i dag!
---
Språket er også godt, og innimellom kjem det ein del "skråblikk". Med det meiner eg litt artige måtar å sjå ting på. Det gjer boka ekstra underhaldande!

1 kommentar:

Besta sa...

Eg har lese boka, men eg trur eg blandar den saman med ei anna. Hugsar eg likte den. Ser at det er Ivar Nørve som les. Eg likar slike litt langsomme
"gammalmannsstemmer" -særlig når eg skal sove.
Den finske boka eg les no er interessant nok, men ikkje den som egnar seg best for lydbok. Særlig var det vanskelig til å begynne med- med alle personane og namna.