onsdag 17. september 2008

Kva visste vanlege folk?

10. klassingane våre skal reise på tur med Aktive fredsreiser neste veke.
To slektningar har nettopp kome att frå denne turen.

Sjølv var eg svært interessert i krigen då eg gjekk på ungdomsskulen. Ein slik tur hadde vore midt i blinken for meg i den alderen.

Vi har hatt "Krigslyrikk" som tema i norsk, og vi har lese utdrag frå Anne Franks dagbok.

Når ein vert vaksen, får ein litt andre perspektiv på krigen.
Korleis kunne massedrapa på jødar skje? Visste dei ikkje?
Anne Frank hadde høyrt om det! Fram til august 1941 kunne nordmenn fritt ha radio. Dei fekk høyre om konsentrasjonsleirane.

Diktet på linken under skreiv Arnulf Øverland i 1937.
Han visste!
Han lytta Hitler sine talar!

Dessverre er diktet framleis aktuelt. Kanskje det er derfor det har vorte kåra til det beste diktet i Noreg?

Du må ikke sove.

4 kommentarer:

Besta sa...

Eg vart fødd ca 2 veker før Tyskland okkuperte Norge.Tyskerane marsjerte rett forbi huset der vi budde kvar dag, dei hadde ein bunker i nærleiken.Eg hugsar at dei grov skyttargraver rett ovafor huset og at tyske soldatar kom inn i huset til oss.Det var det eg visste om krigen. Men eg var REDD! Dei vaksne prøvde å skåne oss, dei snakka lite om kva som hadde skjedd etter krigen også,så eg var godt vaksen før eg høyrde noko særleg om jødeforfølgingane. Kva foreldra mine visste, veit eg ikkje.Men eg trur ikkje at alle i Norge visste så mykje om det som gjekk for seg i Tyskland.

arieldog sa...

Eg trur at alle jødar som vart sende til Tyskland/Polen forstod at dei fekk ein sørgjeleg lagnad, og då er det sannsynleg at dei nordmennene som hjalp til med deportasjonen også forstod dette. Omfanget av massedrapa, som skjedde hovudsakleg etter 1942, trur eg ingen forstod før etter krigen. Det er vanskeleg å fatte enno.

Besta sa...

Det eg synest er det mest skremmande å sjå er kor systematisk dei grufulle handlingane vart gjennomført. Dette var ikkje handlingar utført i affekt, men nøye planlagt ondskap sett i system.Og det skjedde i mi levetid i eit opplyst og kulturelt framståande samfunn, faktisk den leiande kulturnasjonen i Europa -før krigen.Korleis det kunne skje vil vel vere ei gåte for all ettertid.Berre det å sjå bilda er ei sterk oppleving.

arieldog sa...

At nokon kan slå andre ihjel i affekt, kan forsvarast. At ein kallar inn til møte der ein diskuterer korleis ein på ein mest mogleg effektiv måte kan ta livet av uskuldige menneske, er og blir ei gåte. Møtet med dei planmessige, systematiske og ryddige leirane var sterkt.