laurdag 27. september 2008

Husmordag


I går køyrde eg fire speidarar til ein no avsides plass som heiter Rjåneset. Ein av dei hadde ikkje køyrt tunnelen før. Dei påstod det skulle kome storm. Eg trur dei håpa på skikkeleg uver, for nokre andre skulle overnatte ute.
---
På heimvegen stakk eg innom Starevegen. Der hadde dei både poteter, plommer og "råsaft"å gje vekk. Safta kokte eg opp med sukker. Med isbitar i vart den kald til risengrynsgrauten.
---
I år har eg ikkje fri fredagane. D.v.s eg har fri etter matfri, så eg kallar det ein halv fridag. I går fekk eg spørsmål om tre vikartimar. Den halve fridagen rauk, men det vert vel litt ekstra i lommeboka til julehandelen. Det er ikkje første gongen i år, så no har laurdagen stort sett vorte brukt til vaskedag. I tillegg kastar alle kleda sine på vask fredag.......
---
p.s. Legg merke til dei gode flaskeglasa til saft. Dei ver reine i oppvaskmaskina!

5 kommentarer:

Besta sa...

Det blir vel slutt på desse flaskene no når Lidl rauk ut. Vi hadde for lite flasker til saftinga, så vi måtte fryse råsaft. Vi hadde vore så lure at vi hadde kvitta både flasker og glas til sylte/saft-sesongen. Men det er ikkje alle år vi får så bra grøde som i år!

Besta sa...

PS: No kan du berre sjå, du som var så ivrig tunneltilhengar. I går kunne det vore kjekt om ferja gikk som i gamle dagar!!!!

solveig sa...

I morgon syltar eg dei plommene som ikkje er oppetne til då. Når ein har frysar(ar) er det like greit å sylte og safte etterkvart.
Her samlar det seg fort glas att.

solveig sa...

Rjåneset er avsides, ja. I går var der trafikklys. Mange utbetringar på veg. Det var litt rart å køyre den vegen utan å vere på veg heim att.

arieldog sa...

Eg har berre kjørt tunnelen EIN gong, men eg synest å merke verknadene både på jobb og på Folkestadferja (fleire reiser via Stryn i staden for Romsdalen).