laurdag 13. september 2008

God bok om vanskeleg tema




Dette er ei bok om ein mann som har fått diagnosen kreft med spreiing. Han avtaler med kona at ho skal gi han aktiv dødshjelp den dagen han treng det.


Boka gjev ikkje enkle svar. Den stiller heller fleire spørsmål. Til dømes ligg han på sjukehuset og har glede av å sjå lyset kome om morgonen. Samtidig ser han at det skal bli godt for kona å fylle dagane med anna innhald enn å vere på sjukehuset.

Eg anbefaler boka. De kan lese meir om ho her.

4 kommentarer:

Besta sa...

Eg HAR lese boka for ei god stund sidan. Eg vegra meg lenge for å lese LINN ULLMANN sine bøker-rekna med at ho "flaut" på namnet. Så oppdaga eg at ho er skikkelig bra. Mannen hennar, Niels Fredrik Dahl, er ein av yndlingsforfatterane mine.På vei til en venn- er noko av det mest gripande eg har lese.Har lese den to gonger, og eg trur eg klarer den ein gong til.

solveig sa...

Skal sjå etter den. Linn Ullmann har eg og vore skeptisk til. Men eg synest absolutt ho har noko å fare med.
No skal eg unne meg ei krimbok att!

Besta sa...

Eg lånte Nobels testamente i dag enda eg har lese fortsettelsen før. Ingen fare-hugsar ingen ting.Det var lite å fdinne i hyllene i dag, men snart kjem vel "Haustkolleksjonen" ?
DEt er NielF.Dahl som har skrive "I fjor sommer" også. Den har du kanskje lese? Eg har lese den 2x-gjer ofte det med bøker eg likar viss dei ikkje er for lange. Men dei islandske krimbøkene må du prøve å få tak i!!!(Arnaldur Indridason).

solveig sa...

Eg skal begynne på Gert Nygårdshaug si "Liljer fra Jerusalem." Eg meiner eg las ei krimbok av han i sommar i örebro.
Spørs om her er islandsk krim. Høgst på låneønskelista mi står Stieg Larson sine to siste. Eg får vel sette meg på liste snart.