søndag 14. september 2008

Søndagsmiddag?

I dag var det presentasjon av konfirmantane i kyrkja. Konfirmanten sjølv måtte tidleg opp for å møte 10.00.
Olaug fekk sitte på med familien til venninna si til Høddvoll, slik at vi kunne kome etter.
I pausen mellom løpa køyrde eg Øystein på Fjelle. Han skal hentast på Eiksund om eit øyeblikk.
Det vert ikkje mykje tid til søndagsmiddagslaging med eit sånt program. Løysinga i dag vart kyllingfilet i bitar, tagliatelle og eit glas pastasaus med fløte. Vi riv parmesanost over kvar til oss. Brød og salat etter eige ønske!

1 kommentar:

Besta sa...

Det er definitivt over og ut med dei "gode, gamle" søndagsmiddagane. Det er ei friheit vi har i vår tid: at vi kan ete kva vi vil NÅR vi vil. Vi kan like gjerne ha god mat midt i veka som om søndagane. Kven bryr seg?I det gamle samfunnet var det ein annan kontroll.