torsdag 11. september 2008

Telefonsal II - eller: Er dei blitt frekkare?

Det har vore stilt på telefonen min sidan eg reserverte meg mot telefonsal. Det kunne ta opp til tre månader, men eg har ikkje hatt ei oppringing. Dette skrytte eg av på tysdagsturen då mi venninne K fekk ein slik telefon.

Der var ikkje noko bord å banke i . Både i går og i dag har eg blitt oppringt.

Onsdag
-Ja, hallo, så hyggeleg, kjem det frå ein kar som hevdar han eigentleg kjem frå Hareid.
- Og jeg driver ikke med telefonsalg. Så nå ble du vel glad?
Eg måtte no berre medgje at det vart eg, for eg har reservert meg.
Nei, karen han gir vekk ting han, nærare bestemt bokpakkar.
- No er det berre det at eg ikkje er interessert i noko abonnement, prøver eg meg.
- Hvem har sagt abonnement? Du får et interessant blad hver måned i posten.
- Ja, vel, seier eg, så eg eg må bestille frå det om eg vil ha noko.
- Ikke akkurat. Det er noe som heter månedens bok.
- Det kallar eg abonnement!
- Hvis du mener den telefonen du må ta viss du ikke...
Då la eg berre på! Det er ein fordel med telefonsal!

Torsdag
(Han ringer slik at eg omtrent hoppar opp av godstolen for å rekke telefonen som ligg i jakkelomma i etasjen under).
Han ringer frå eit kraftselskap.
- Stemmer det at din kraftlevrandør er Tussa?
Korleis får han tak i slike opplysningar. Tek han ein sjanse, eller?
- Jau, medgir eg.
- Da har jeg et fantastisk tilbud til deg!
- Nei, takk eg er ikkje interessert, seier eg.
- Hvorfor det?
Dette var eit av dei tema K og eg var einige om. Så eg svarar:
- Akkurat det trur eg ikkje eg treng å svare deg på.
Det svaret likte han ikkje. Kva han sa vidare, veit eg ikkje. Eg la på.

Oj, er det eg som har blitt frekkare?
Eg meiner dei har høve til å sjekke om eg har reservert meg om dei gidd. Han i går mistenker eg for å ikkje bry seg. Viss du svarar lenge nok, trur dei at dei har fått deg på kroken. Taktikken er å overkøyre folk med hyggeleg prat, verkar det som. Om eit par månader bør det vere heilt slutt.

2 kommentarer:

Besta sa...

Eg kunne fortalt mange historier om telefonsal.Sjølv er er gått over til kortvarianten-og den er ikkje altfor høflig. Yndlingshistoria mi er den om Lars som skulle vervast til ein bokklubb. Han spurde om dei leverte bøkene som lydbøker. Dei svarte benektande. Då sa han: "Då blir det ikkje aktuelt for eg er blinde".
Nokon betre?

solveig sa...

Eg seier vanlegvis "Nei, takk". Men det virkar som dei legg seg til stadig sluare måtar å få prate lenge på. Best var det med ein som sa "Er du bombesikker på det?)Ja, svara eg. "Er det nå en ting som ikkje er sikkert, så er det bomber" repliserte han for å få snakke meir. Eg flira høgt og la på. Dei pratar som nokre fossar, og lyttar dårlig! Heldigvis kan ein legge på!