søndag 18. mai 2008

Fotballsøndag

Her er guttelaget som Øystein trenar.

I dag spelte dei mot Stranda. Trenar, foreldre og spelarar frå Stranda oppførte seg pent så lenge dei leia. Då stillinga var 1-4, fekk Hareid fart på seg og tok att Stranda mål for mål. Sluttresultatet vart 4-4.

Eg skriv ikkje fotballreferat, men som mor legg eg merke til at der er gode vinnarar og dårlege vinnarar, gode taparar og dårlege taparar. For gjengen frå Stranda var nok uavgjort eit stort tap, etter oppførselen å dømme.

5 kommentarer:

Besta sa...

Skal ikkje kommentere fotball eg heller, men ser at Øystein må ha vore utomlands og "kjøpt" opp spelarar......
Ein fin måte å integrere utlendingar i samfunnet på, men finst der liknande aktivitetar for å få jentene med ???

solveig sa...

Tamilane dansar, både gutar og jenter, men helst tamilsk dans. I fjor hadde to tamilske og to norske jenter øvd inn ein dans som hadde element frå begge kulturar. Kjempeflott! Dei tamilske jentene er flotte å sjå på.
Elles veit eg dei har trena handball. Men dei er ulike av typer, dei som oss.

Besta sa...

Ja, eg trur ikkje tamilane er dei som har størst problem med å tilpasse seg.Men jenter frå strenge muslimske heimar har det ikkje alltid lett.Det er så mykje dei ikkje kan vere med på.Eg er ikkje så dum at eg trur at alle utlendingar/nye landsmenn er like. Stemmer ikkje Frp heller!

solveig sa...

Det skal bli spennande å sjå neste generasjon. Korleis vil jentene i hijab oppsede sine jenter t.d. Såg du forresten ho med bunad og hijab?

Besta sa...

Ja, eg såg henne. Ho var fin! Like bra med hijab som mange av dei tradisjonelle hovudplagga til bunad! Litt kulturblanding har eg ikkje imot! Kreativt vil eg seie. Grensa går ved burka og russehue.Eller kanskje.........