måndag 16. juni 2008

Ungdomslitteratur

Hermann stod på pensumlista til elevane eg skulle vere sensor for. Eg var litt lei meg for at eg ikkje hadde lese den. Heldigvis hadde ikkje læraren valt å lage oppgåve om den. Etter briefinga dagen før var eg innom biblioteket. Når boka låg der, såg eg på det som ein "styrelse". Herleg enkel å høyre! Oddvar Hellan er ukjend opplesar for meg. Han les heilt tilforlateleg.

4 kommentarer:

Besta sa...

Eg har lese Hermann for leeenge sidan.Elles er Saabye Christensen ein av favorittane mine; eg likar det litt sært! Har du lese Halvbroren? 22 CD-ar! Då eg hadde lese dei alle, hadde eg lyst å begynne på igjen.

arieldog sa...

Eg har faktisk undervist om Herman på Høgskulen, men det er 13 år sidan... Eg er ikkje så begeistra for Saabye Christensen, men det er fordi eg sit att med så mange spørsmål etter "Halvbroren" og "Maskeblomstfamilien", til dømes. Og då føler eg meg dum. Det likar eg ikkje.

Besta sa...

Du må ikkje føle deg DUM- veit du ikkje at du skal ta det som ei utfordring? Eg tek det ikkje så tungt at eg ikkje forstår alt, men det hadde eg vel gjort om eg skulle undervise om bøkene. Elles likar eg å lese bøker som ikkje er så altfor realistiske, men har litt av eventyret i seg.

solveig sa...

Eg har lese både Halvbroren og Maskeblomstfamilien. Det er begynt å bli nokre år sidan.