måndag 23. juni 2008

Jonsok

Øystein fekk ei flott Astrup-bok til geburtsdagen sin. Eg har alltid likt bileta hans. Kanskje vi legg turen innom museet seinare i sommar? Eg har vore der, for over 20 år sidan.

Eg har vore skeptisk til jonsokfeiring i heile dag. Ei dame eg møtte i Vik hadde sett på yr.no at det skulle bli opphald frå 18-20. Det står att å sjå. Vi har nettopp ete ei stor panne med rømmegraut. Keeperen og journalisten (med eksamen (ein intern vits på Hareid)) har sett kursen mot Høddvoll.

Ærendet vårt i Ulsteinvik i dag var å skaffe dei to yngste MP3-spelarar til ferien. Som tidlegare nemnt på bloggen, er eg av dei som tek imot reklame i posten. Omtrent kvar veke dumpar det oransje reklameaviser ned i postkassa med gode tilbod. I dag fekk vi sjå kva som skjer når ein vil slå til på eitt av tilboda; "Nei....... dissa he'kje oss fått inn.... "(Febrilsk leiting etter annan ekspeditør)Nei.... "No reiser eg på ferie fredag og håper at de får dei inn til då!" seier eg for å kome dei i forkjøpet om at dei i det heile tatt skal selge desse. I fjor var eg innom fleire butikkar nedgjennom Gudbrandsdalen for å få tak i ein. Det var i den konkurrerande kjeden.

No får vi sjå om dei får inn MP3-spelarane til torsdag som lova. Eg bad dei legge til side 2 stk. Viss ikkje er det svært freistande å be dei om å slutte å sende ut tilbod i posten!

6 kommentarer:

STRIKKEMOR(O) sa...

Det du skriv om her er berre sååå typisk!! Håper det ordnar seg for dokke. Det er visst lenge sidan sist eg var inn på bloggen din. Eg har vore litt fråværande når det gjeld blogging dei siste vekene, men no har eg god tid - så lenge det varer. Reiser på ferie laurdag. Dei to eldste begynte i sommarjobbane sine i dag. Dvs. at no er her tre mannfolk i huset med YIT-klede....Det var godt å få dei i jobb. Ikkje bra når dei berre går og sleng. Artig bilde av Lillemø og meg!

solveig sa...

Våre to eldste har også sommarjobb, heldigvis. Jornalisten er i Vikebladet og keeperen har ansvaret for å halde graset på kyrkjegarden nede.
Det vert omsnudde roller når dei står opp og foreldra ligg frampå.

Besta sa...

Saknar ikkje reklame i posten! Det er så mange vedlegg til avisene at det held. Dessutan abonnerer eg på div. "Nyhetsbrev " på data.Det blir det ikkje boss av! Ikkje nok med det. I følge fysioterapeuten er det særleg to ting eg ikkje bør gjere: Gå i butikkar og trakke rundt på kjøkkengolvet. Men eg får "lov" å gå på kafé.Hurra!

solveig sa...

Heimelekse og ikkje lov til å gå i butikkar..........

Elin sa...

Eg har vore komite i kveld og jobba hardt i kiosk. Var glad for øyrevarmarane frå Strikkemoro. Astruptunet er vel verd eit besøk. Stikk innom oss og då, vel...

Besta sa...

Heimeleksa er 7 øvingar for rygg- og magemuskulaturen. Kvar øving skal gjerast 10 gonger. KVAR dag. I tillegg kjem tre øvingar for skuldra + snordraging.Også kvar dag. Ho hadde stor tru på at eg ikkje kom til å sluntre unna!!!I staden for å gå i butikkar skal eg gå tur i ulendt terreng-ikkje ein gong grusvegar er anbefalt. Ja, ja......