laurdag 22. august 2009

Grøne stikkelsbær............

...trudde eg skulle gje lys, omtrent fargelaus saft. Det meiner eg å ha drukke i Innvik i min barndom. Men desse barndomsminna stemmer ikkje alltid. I dag plukka og safta vi resten av dei grøne stikkelsbæra. Fargen vart nydeleg oransje. Desse flaskene skal frysast til seinare bruk. Resten skal i kjøleskåpet. Safta smakar godt av stikkelsbær.

I går sylta eg 3 kg plommer. No skal eg til å røre inn sukker i 8 kg til, fordelt på to panner.

3 kommentarer:

Besta sa...

Vi har berre eitt stikkelsbærtre og det er med "raude" bær. Eg koka saft av dei nesten overmodne bæra. Safta vart fin på farge, men smaka ikkje så utprega som eg trudde på førehand. Kan aldri hugse at vi fekk stikkelsbærsaft i Innvik-jordbærsaft fekk vi deimot ofte den tida dei dyrka jordbær, og laga saft av skrotbæra.

Besta sa...

Eg har rensa resten av Rivers Early plommene og frose dei. Vi har mykje plommer på dei tre Opal-trea, men plommene på to av dei er totalt smaklause.Viss Victoriaplommene vert modne ,kan vi heller sylte dei.Uansett er det mykje arbeid å rense plommene i år, for på grunn av regnet, rotnar dei ved stilken.

solveig sa...

Våre plommer er relativt fine. No er her tomt for både glas og flasker, så det gjeld å ete fisk og fiskekaker slik at der vert plass til meir i frysaren. Elles er vi no mange som et etterkvart...