tysdag 4. august 2009

Nye oppdagingar - eller treig i oppfattelsen

Sjølv meiner eg at eg stadig gjer nye oppdagingar. Den yngre garde meiner det dreier seg meir om "velkomen etter". I dag såg eg at mobilen min som eg har hatt i over eit år (Eg skjøner poenget deira.), har USB-inngang. Datamaskina installerer programvare, og så er det berre å legge bilde frå mobilen over på datamaskina.
Marlon stiller som fotomodell. Han har nydeleg pels etter å ha blitt vaska med grønsåpe. Luktar furunål gjer han også.

Matmor med nye joggeskor.


I dag har eg gått over Eidet som vi kallar det, saman med to venninner. Her ser vi nesten ikkje Ulsteinvik på grunn av alle trea.
Konklusjon: Mobilen kan ikkje erstatte fotoapparatet, men den er grei som eit supplement til bloggbruk. Mobilen har ein som oftast med seg.



2 kommentarer:

Besta sa...

Eg er i grunnen ganske lat når det gjeld tekniske nyvinningar; eg set meg ikkje inn i saker og ting før eg MÅ. Heldigvis har eg ein enkel og gammal mobil, og eg har eit fotoapparat som eg lett kan ta med meg i veska eller lomma.

Anlen sa...

Eg har også oppdaga at eg kan legge inn bilete frå mobilen. Dessverre har ikkje kvaliteten på bileta vore verdt å presentere... Det spørs om eg må ha meir fokus på kameradelen neste gong eg kjøper ny telefon?