fredag 1. januar 2010

Blogging 2010 (utt: tjue ti ;-) )

Eg begynte å blogge på grunn av slekta - og no er eg hekta.  I fjor skreiv eg dette om blogging.  Bloggen min starta som ein familieblogg.  Eg tenkte å dokumentere livet i ein familie på seks med alle dei aktivitetar det inneber.  Dette har det vorte mindre av, men litt familiestoff vert det.  Venner held eg utanfor bloggen. 

Bloggen vert til medan ein skriv.  I løpet av ein dag på jobb og heime, opplever ein av og til noko artig som kan vere kjekt å dele med blogglesarane.

Sonja og eg.  Bloggen min er ingen interiørblogg. Eg er mykje meir glad i praktiske ting enn i pynteting.  Men eg likar å dekke bord, og har ei stor serviettsamling, av serviettpakkar vel å merke.  I går fekk eg høyre at brikkene mangla på bordet.  Så i dag har eg dekka med mykje av det same. (Dronninga tek bilde alle bord til middagar på slottet, har eg høyrt.)

Kongen og eg.  I går merka eg meg at kongen siterte frå eit dikt eg har lagt ut på bloggen tidlegare.  Som norsklærar kjem eg over både litteratur og språklege fenomen.  Eg vil på ingen måte henge ut folk som slit med rettskriving.  Folk som er dårlege å symje, må få kose seg i vatnet.  Folk som er dårlege på rettskriving, må få oppleve skriveglede!  Men folk som heng ut plakatar og folk som skriv feil i avisa, må tole litt uthenging. 

Matprat.  Eg kjem nok til å halde fram å legge ut matoppskrifter.  Eg lever av å lære andre om ernæring og matlaging.  Det er kjekt om nokon blir inspirert.  Eg vert i alle fall inspirert av det andre legg ut.  Ei venninne av meg vil alltid vite kva eg serverer når eg har besøk.  Det røper eg som regel.

Hage. Eg liker godt hagearbeid.  De vil nok få sjå fleire bilde frå hagen i 2010.

Bøker. Eg har alltid vore glad i å lese.  Etter at eg oppdaga lydboka, får eg gjort to ting på ein gong.  Men nokre bøker kjem ikkje ut i anna enn papirutgåve.  Då prioriterer eg helst å lese nynorsk litteratur. Målet i 2009 var å lese ei bok i veka.  Det vart 76.  Bokmeldingane mine er heilt subjektive. 

Årets bok.  Eg har ein plan om å kåre årets bok 2009, d.v.s. den beste boka eg las det året.  I fjor peika ei bok seg ut.  I år må eg bruke meir tid på det.

Film. Eg skriv ikkje mykje om film, men av og til kjem eg over ein eg vil anbefale.

Teljaren. Etter litt prøving og feiling fekk eg stilt teljaren på 0 att.  I 2009 hadde eg 33 184 "treff".  Menge av desse har eg nok stått for sjølv. Bloggen er open.  Alle er velkomne til å lese den, og alle er velkomne til å kommentere!

Godt nytt bloggår!

2 kommentarer:

STRIKKEMOR(O) sa...

Ønsker deg og familien eit godt nytt år!! Det er kjekt å lese bloggen din, sjølv om eg ikkje alltid er så flink til å kommentere. Eg lærer litt om barndommen/oppveksten min også, ved å lese bloggen din. Du hugsar ting som eg har gløymt, og det er artig!

solveig sa...

Tre år utgjer litt når det gjeld hukommelse. Men den kan vere noko selektiv.........