laurdag 2. januar 2010

Bok 1: 2. verdskrig


Eg har budd saman med forfattaren dei tre åra han har jobba med denne boka (og gjer det enno).  Eg anar kva arbeid som ligg bak.  Det har vore mange telefonar og husbesøk.  Det har hasta med å samle inn informasjon.  Eg veit også at der er mange fleire historier som ikkje har fått plass i boka.  Etter at boka har kome ut, har fleire tatt kontakt og lurt på om han kan skrive deira historie.

Boka tek føre seg dei store linene i 2. verdskrig.  Inn i den store historia er det fletta inn fleire historier om einskildpersonar og einskildhendingar.  Eg har bladd i boka og lese delar av ho i haust, men først no har eg lese heile boka frå perm til perm.  Og det bør ein gjere, for boka er kronologisk oppbygd.

Bror til farfaren vår si historie har vi høyrt litt av under oppveksten.  Vi har visst at han var ein av dei som døde i "Ni liv".  Men først no har vi fått vite heile historia, eller det som er att av ho.  Vi får også vite kor viktig denne Shetlandstrafikken var både for persontrafikk og for å skaffe forsyningar til dei allierte.

Etter å lese boka sit ein att med mange tankar.  Kva er det som gjer at nokre vert gode nordmenn og gjer ein innsats med stor fare for sitt eige liv?  Og korleis kan andre få seg til å angi sine eigne naboar til tyskarane utan at dei sjølv er i fare på nokon måte?

Elles synest eg boka viser mange sider ved krigen.  Og sjølv kor mykje ein trur ein veit frå før, er det alltid noko nytt å lære.

4 kommentarer:

arieldog sa...

Eg kunne ha kåra den til årets bok 2009, men så var det det med habilitetsspørsmålet...

solveig sa...

Eg erklærer meg vel inhabil i første setning, om folk forstår meg rett.

Besta sa...

Eg har boka til gode.Må ha ei roleg stund for meg sjølv når eg skal lese på papir.Nils var så treig med å bli ferdig med boka at eg får skulde på han at eg ikkje har lese den enno.

Hildegard sa...

Besten fekk boka i bursdagspresang av systra, vil nok gjerne få den signert. Han er flink å marknadsføre boka til dei han snakkar med og er imponert over kor lett det er å lese ei bok på nynorsk! I jula har han lese mykje i bygdebøkene om Breim som han har lånt på biblioteket.
Godt nytt år til dykk alle!
Eidabesta