For første dag på lenge har gradestokken krope over ti minusgrader. Eg trur ein må attende på tidleg åttital for å finne ein liknande kuldeperiode. Temperaturane varierer utruleg lokalt. Her vi bur, er det like kaldt som i Ørsta omtrent. Men ein skal ikkje lenger enn til Ulsteinvik før det plutseleg er 7-10 grader varmare. Det same gjeld om ein tek seg ein tur til Brandal.
I dag følest sju minusgrader skikkeleg behageleg. Alt er relativt!
1 kommentar:
Vi var bort på el-kjøp, der var det minus 11, ved Amfi minus 9 og her heime minus 4, så det varierer veldig innafor eit lite område. Inne hos Margrete var det mindre kaldt enn her.
Legg inn en kommentar