Sidan epledesserten i går vart så populær, tenkte eg at eg ville prøve ein litt annan vri i dag. Kommentar frå i går: "Det var som berre epla i eplekake." Og det var positivt meint. Desserten i dag vart endå betre fekk eg høyre.
Som de ser, delte eg først epla i to. Så la eg nokre rosiner i botnen. Då syg dei til seg væske og vert ikkje liggande på toppen og svi seg.
Blandinga på toppen laga eg av:2 ms meierismør
2-3 ms demerarasukker
1 dl hakka (brukte stavmiksar) juleneter
Fyllet la eg berre på toppen av dei halve epla. Det var lettvint!
Eg steikte dei på 175 grader ca 1/2 time.
2 kommentarer:
Dette såg veldig godt ut.Går ut frå at det var hakka nøtter?
Ja, no har eg retta det. Ein pakke julenøtter til halv pris hamna i korga mi her ein dag....
Dette var godt og lettvintare når ein berre la blandinga oppå.
Legg inn en kommentar