søndag 24. januar 2010

Bok 5: Husfrue 28 år etter


Eg hugsa nok dei store linene i boka.  Romantikken som avtok.  Simon som vart ein viktig del i livet til Kristin. Utruskapen. Men det meste hadde nok gått i gløymeboka.

Som eg har skrive før, likte eg desse bøkene godt då eg var atten.  No les eg dei nok med andre auge.  Ein ser kanskje nyansane betre i moden alder.

Ekteskapet med Erlend får ikkje nokon god start.  Ho er to månader gravid, noko som plaga Kristin.  Garden ho kjem til er vanskjøtta.  Men ho går på med friskt mot.  Sju søner kjem etter kvart.

Kristin får snakka ut med foreldra.  Simon giftar seg med yngste søstra, Ramborg.  Dei vert dermed i familie.  Erlend kjem med i eit komplott mot kongen. 

No skal eg ikkje røpe resten av handlinga.  Berre ta fram det som eg hugsa.  Simon Darre viste seg å vere ein stor mann.  Han heldt fram å vere glad i Kristin. 

Boka inneheld mykje dramatikk.  Eg anbefaler den som lydbok, kanskje for spesielt interesserte?  Sjølv forstår eg godt at Undset fekk Nobelprisen for trilogien.

2 kommentarer:

Besta sa...

Eigentlig burde ein kanskje lese Kransen mens ein var ung, Husfrue midt i livet,og den siste boka når ein er gammal.
Eg har lese alle tre, men ikkje som lydbok, kanskje eg burde det?
men eg prioriterer nye bøker. Akkurat no les eg Senor Peregrino.

solveig sa...

Den har eg høyrt om! Ein får nok ulikt utbytte av bøkene i ulik alder. Men Kristin vart vel ikkje meir enn ca 50? Då burde vel Korset vere noko for meg?