torsdag 10. desember 2009

10. desember


I sommar lova eg blogglesarane å vise fram Ekelundhanddukar med julemotiv.  Den med dompapar på har eg liggande på benken, og den med paparkakemotiv bruker eg til å legge over gjærbakst.  Eg synest begge to er koselege. Kanskje dette vert noko borna hugsar når dei vert vaksne.

Bildet under har eg knabba frå Besta sin blogg.  Adventsløparen var noko av det finaste eg visste då eg var lita.  Eg synest framleis det er noko spesielt med den.

P.s.
Eg er ikkje ute etter å arve den.

I dag har eg handla mat, eller gjort innkjøp.  Målet var å ha krefter att til å rette ein halv bunke bokmålsstilar.

3 kommentarer:

Besta sa...

Hadduken med dompapar på har eg også. Skal tru kven eg har fått den av?
Adventsløparen er ikkje mykje å arve, den er rett og slett utsliten.Men du har rett i at den er fin. Veninna mi i Fr. har hatt samme sorten. Vi er om lag samme årgang.

ØystO sa...

Eg trur det må vere 70-tals!?

Besta sa...

Løparen vart i alle fall kjøpt etter at vi flytta hit i Starevegen. På ein butikk i Kyrkjegata som ikkje finst lenger.