søndag 13. desember 2009

13. desember


Bildet over symboliserer ikkje det eg har styrt med i dag, det viser eine pausen.  Eg er no fint ferdig, ikkje til jul, men eg har retta ferdig dei tre tentamensbunkane mine, slik at eg kan levere dei attende i slutten av veka.  Det har vore eit skikkeleg dagsverk.

Luciadagen feira vi altså med fin musikk i kyrkja.  Dei tre skulekorpsa i kommunen spelte kvar sine tre melodiar, og Barne- og ungsomskantoriet song.  Alle var flinke.

Ingen har etterlyst lussekattar i dag.  Eg har ingrediensane i hus, så eg ser ikkje vekk i frå at vi lagar safranbrød ein dag. 

Ingen kommentarer: