Når ein ventar mange gjester, og vil bruke tida på dei og ikkje på å stå på kjøkenet, er det greit med mat i ei panne. Eg er glad i kjøtsuppe. Det er enkel og lett mat. Så får ein kanskje lyst på dessert og kaker seinare.
Både ungar og vaksne er glade i kjøtbollar. Til denne porsjonen brukte eg 1 kg kjøtdeig. Eg bruker ei vanleg kjøtkakeoppskrift, men erstattar ingefær med muskatnøtt. I praksis vil det seie 4 ms potetmjøl, 1 ts salt, 1 ts pepar og 1 ts muskatnøtt og 4 dl mjølk, gjerne ekstra lett.
Så er det berre å forme små kjøtbollar og koke dei i vatn tilsett litt buljong. Dette arbeidet tok frøkna på seg.
Kjøtet og kjøtbollane laga vi i går kveld medan det var fotball på TV. I dag skrelte eg grønsakene: Poteter, gulrøter, kålrot og purreløk. I tillegg brukar eg gjerne brokkoli i kjøtsuppe. Eg har sett det har vorte gjort narr av brokkoli i innherredssodd t.d. på bloggane. Men her vil eg seie at tidene forandrar seg. Det må vere lov å bruke nye grønsaker etter kvart som dei vert tilgjengelege.
1 kommentar:
Suppa var fantastisk god, berre spør Minstemann!
Legg inn en kommentar