Så er det attende til kvardagen att. Eller starten på det alle fotballinteresserte i bygda har gledd seg til, nemleg Grendacupen. Det er ei innandørs fotballturnering for alle som bur på Hareid, eller som kjem heim til jul.
Her er linken om nokon skulle vere interesserte i å følgje med. Dei to eldste gutane stiller på same herrelag. Yngstemann stiller i ungdomsklassa. Laget til frøkna stiller i kaféen, så ho og ein av oss skal ta siste vakta med opprydding tysdag.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar