fredag 4. desember 2009

4.desember


I dag parkerte vi bilen i garasjen etter jobb og bestemte oss for å gjere småting i heimen.  Gåvene som skal nordover er no ferdig innpakka. Medan eg laga middag, sette eg ein brøddeig frå ein halvfabrikatpakke eg kjøpte på datotilbod i går.

Eg bestemte meg for å følgje oppskrifta til punkt og prikke.  Deigen måtte rett nok heve mykje lenger enn det stod på pakken.  Om dette skuldast datoen for bruk, gjæren eller anna, veit eg ikkje.  Men eg trilla to runde emne som fekk heve før eg forma brøda og hadde dei i to 1 1/2 liters-former som anbefalt.

Det vart to små loffar.

Og kva dette er?  Tørketrommelen som står i sju steinar og ventar på ny motor.  Etter fem dagar er eg grundig lei av klessnora som må stå framfor vedomnen for at eg skal få fart på klesvasken.  Toppen på komfyren har gått opp i liminga og skal skiftast ut samtidig.  Begge delar på garantien, heldigvis.

Ingen kommentarer: