laurdag 7. februar 2009

Masemamma



I høve morsdagen i morgon får de kose dykk med denne videoen.

Eg meiner sjølv at eg har blitt lite masa på, og at eg sjølv masar lite. No er det ikkje sikkert alle eg bur saman med er samde i dette.

Ungane her har ansvar for å vaske romma sine til helga. Det er ikkje alltid dette har vorte gjort automatisk. For eit par år sidan dreiv ein av dei og vaska søndag ettermiddag etter påtrykk frå underskrivne. Då fekk eg høyre at eg tok frå arbeidslysta når eg masa sånn. OK, då gjer vi ein avtale; Eg sluttar å mase, og du vaskar rommet ditt. Neste søndag kveld seier eg: "ja, no har eg halde min del av avtalen. Er rommet vaska?". Det var det ikkje, så i framtida fekk det heite påminning og ikkje mas.

Hugs mor!
Køyr forsiktig!

3 kommentarer:

Besta sa...

Mor mi masa i alle fall ikkje så mykje på meg at eg tok direkte skade av det. At du ikkje føler at eg ha masa på deg, kan det ha samme grunn; nemlig at ikkje alle treng like mykje "mas". Det kan nok hende at bror din har ei anna meining?

arieldog sa...

Kva som er "mas" er ofte eit definisjonsspørsmål. Viss alle utførte ordrar straks, ville det bli lite mas, det er i alle fall sikkert.

solveig sa...

Ein definisjon kan no vere at folk får ein sjanse!.. Mas om hue t.d. begynner det inne eller ut for døra? Eg er stor tilhengar av at folk må få kle på seg sjølv.