måndag 2. februar 2009

Jammen, det er no tre ting på ein gong!


Ei ulykke kjem sjeldan åleine, heiter det. Her i huset slår det omtrent aldri feil, går ein ting sund, er det ikkje lenge før noko nytt ryk.
---
I november 2008 gjekk vaskemaskina. Trommelen øydela kle.Straks eg hadde kjøpt ny vaskemaskin og tørketrommel, rauk oppvaskmaskina.
---
Forrige veke gjekk først brødristaren. Den har eg kasta, og ein ny skal innkjøpast neste gong eg kjem meg på el-butikk.
---
Printeren veit vi ikkje om det er noko å gjere med? Vi må høyre med dataeksperten i familien.
Video? DVD-en virkar. Keeperen har ein video ståande der DVD-en ikkje verkar. Planen er no å kople den til TV-en og antenna på eit anna rom. I stova skal det kjøpast inn ny flatskjerm-TV med innebygd "boks for antenne" som skal koplast til parabolen. Kva slags opptaksmulegheiter vi skal ha her, er vi usikre på. Elles er det noko som heiter HD og blueray(?), seier keeperen. Foreldra er no innstilte på å kjøpe TV for framtida. Men vi fortår at det er forskjellig å sette seg inn i!
p.s.
Det er ikkje alltid eg blir lei meg når ting vert øydelagde. Vi har lenge ønska oss ny TV.

4 kommentarer:

Besta sa...

Eg har for lengst gitt opp å sette meg inn i all ny teknologi. Det får greie seg at ein lærer å bruke den til det mest vanlege. Problemet for oss som er litt eldre, er at vi betalar for ein masse finessar som vi ikkje brukar. Men der som det er unge folk i huset er vel ikkje det noko problem. NB: Kjøp ikkje for liten skjerm!!!!

solveig sa...

Vi snakkar om 40-42 tommar. Kor stor er dykkar?

Besta sa...

Vår skjerm er berre 32 tommar-noko som vi tykte var stort til å begynne med.Synest godt de kan ha 42 tommar, for de har større avstand til skjermen enn vi. Dessutan er dei blitt mykje billegare enn då vi kjøpte vår for 18000 kr.

solveig sa...

Det spørs vel kva finessane kostar, men det vert nok under 15000. Med stor skjerm sparer ein seg to par nye briller, brukar eg å seie. No held det hardt å sjå handballresultata t.d.