laurdag 21. februar 2009

Solsikkebrød

Blogglesarane har sikkert oppdaga at eg likar å lære vekk ting. Eg håper at eg ikkje vert oppfatta som belærande. No likar eg også å lære nye ting. Dagens tips har eg plukka opp på frukost-TV: Når ein bakar runde brød er det lurt å skjere eit snitt rundt brødet. Då hevar det seg utan å sprekke. Berre prøv! Eg gjorde det før i veka. Brød utan snitt sprakk nede medan brød med snitt heva seg fint.


2 kommentarer:

Besta sa...

Dette gode rådet har eg båre høyrt og lese.Men hugsar eg det når eg treng det? No må eg berre unnskylde meg med at eg svært sjeldan lagar runde brød.Så då så.....

Hildegard sa...

Kjekt med alle tipsa og oppskriftene dine. Eg lagar fleire striper på skrå på toppen av Ingers rugbrød for å unngå at dei sprekk. Ser enkelte kjøpebrød også som har striper. Eidabesta