tysdag 3. februar 2009

Bok 6: Også krim


Denne boka har eg hatt liggande på PC-en ei stund. Då eg begynte på ho, hugsa eg ikkje om det var krim eller ikkje.
---
I bokhylla mi har eg alle krimbøkene om Kurt Wallander i pocketutgåve. Det var fleire år sidan eg hadde lese krim. Etter kvart synest eg dei gjekk inn i eit mønster, likevel kjøpte eg alle.
---
I denne boka er helten ei middelaldrande kvinne som vert sjukmeldt frå dommarjobben sin på grunn av høgt blodtrykk og jernmangel. Ho har familiemedlemmer som vert offer i eit massedrap, og begynner med privat etterforsking.
---
Handlinga går føre seg påfleire kontinent. Drapa er mange. Etter mitt syn vert det litt i overkant. Vi følgjer den første kinesaren som vert kidnappa i Kina til Amerika der han vert "jernbaneslave". Vidare går handlinga til Sverige, Afrika og London. Boka tek seg opp mot slutten.
---
Mankell skriv absolutt interessant. Han trekker inn t.d. Palmemordet og problema i Afrika. Ein ide er å flytte 4 millionar (nokre få) kinesarar til ein dal i Afrika der det er god plass.
Les meir her.

1 kommentar:

Besta sa...

Ein har alltid visse forventningar til bøker av kjende forfatterar, som ein har lese fleire bøker av før t.d. Viss bøkene avvik for mykje frå det ein ventar seg, vert ein ofte skuffa. Eg har lese denne boka, og eg tykte ho var historisk interessant og lærerik, men ikkje typisk Mankell.