måndag 23. februar 2009

Bok 10: Nobelprisvinnar

Boka handlar om David, ein professor som legg seg etter studentar. Slike har vi høyrt om før. Han har eit par skilsmisser bak seg, og ei vaksen jente han har lite kontakt med. Så langt føler ein at ein har høyrt det før.

Ein dag skjer det seg for David. Han er 52 år og det vert "sak" av at han har hatt eit forhold til ein av studentane på kurset sitt. David taklar ikkje dette som forventa og vert oppsagt. Han reiser på besøk til dottera.

No skal eg ikkje røpe meir av handlinga. Men eg kan love at det skjer mykje spennande og tankevekkande. Les gjerne meir her.


Forfattaren av boka fekk Nobelprisen i litteratur i 2003. Og etter å ha lese boka, forstår ein kvifor.

Boka er også filma. No spørs det berre korleis eg skal få tak i filmen. Kanskje på biblioteket?

Det er berre å klikke seg inn på hyperkoblingane for dei som er interesserte.

Sjølv veit eg ikkje kva eg skal lese no. Det må bli ein nedtur uansett.




2 kommentarer:

Besta sa...

Det er ei god stund sidan eg las denne boka no. Men eg hugsar at eg likte den veldig godt. Lasse Kolsrud las lydbokutgåva på ein framifrå måte.

arieldog sa...

Denne likte eg òg!