søndag 1. februar 2009

Mexikansk mat

I dag laga eg Chili con carne etter inspirasjon frå ein annan blogg. Eg måtte lengst bak i krydderhylla for å finne dei kryddera som skulle i. Gryta skulle koke i 1 1/2 time, så eg rakk å ta meg ein tur bort på skulekjøkenet og leite fram alt til morgondagen medan retten godgjorde seg. Eg sette og ein focacciadeig.
I oppskrifta stod det "10 personar" eg vurderte det til "porsjonar". Når måltidet var slutt, var det litt gryterett att på botnen. Focacciaen var oppeten.
---
På spørsmålet "Kva synest de?" fekk eg til svar; "Heilt greitt, men det kunne ha vore noko pasta til!"
--
Sjølv er eg vanlevis ikkje spesielt glad i mexikansk mat. Taco meiner eg er oppskrytt. Av og til kan det vere ei ulempe å vite for mykje om ernæring. Dei ungdommane eg har sett ete taco, og det er mange, forsyner seg rikeleg med kjøtdeig, ost og rømme. Grønsaker må ein by dei, kanskje bortsett frå mais. Eit slikt måltid inneheld store mengder metta feitt. I Chili con carne er det rikeleg med tomatar og bønner, og som tilbehør kan ein bruke det same som til annan mexikansk mat. Det skulle vel ha vore mexikansk brød til, ikkje italiensk? Men no har heile verda kome til oss, så då er det vel opp til oss å kombinere etter eigen smak?

Medan eg dreiv og rota sette eg ein grov deig som eg baka ut som focaccia. I staden for å stikke fingrane i han, delte eg deigen i ruter.


4 kommentarer:

Milena sa...

Det er "meksikansk"brød til,men lite populær ,det er bakt med mais mjøl og det laga eg ofte og lika fakstisk bedre enn focaccia.Men alt må lærast å like.:-)
Pasta eller ris skal heller ikkje være med,da er det heilt anna rett.Taco i Norge er lite likt taco original,dessverre...men som du sei er det opp til kvar enkel å kombinere.Og eg elska meksikansk mat..
:-)

solveig sa...

Eg synest gryteretten var god! Eg kunne tenkt meg meir bønner. Det er eg glad i. Men det er ikkje særleg populært på skulekjøkenet. Her heime et dei gjerne tomatbønner som tilbehør.
Eg trur det er god og mindre godmat i alle land, alt etter kokken.
Men eg har ein forkjærlegheit for italiensk mat.......

Besta sa...

Italiensk mat er vel den som har erobra verda framfor nokon annan.Og folk som reiser mykje, skryt av maten der. Sjølv har eg ikkje mykje greie på utanlansk mat, anna enn dei variantane vi får her i Norge.I Tyrkia fekk vi kjempegod mat; det pitabrødet vi fekk ved sidan av middagen var eventyrleg godt!!Vi likar også kinesisk mat og Taco med alt tilbehør.

Besta sa...

Onkelen min laga eit "familieordtøke" då han var liten:"All mat er god, berre det er god mat!"
Eg støttar han fullt ut!