søndag 22. februar 2009

Bollebursdag

Geburtsdagsbarnet feira dagen med å ikkje sleppe inn mål mot Aksla. Blåtrøyene vann med 5 mål. Gåvebordet var prega av DVD-ar, CD-ar og bøker. Sidan det var mykje selskapelegheit på oss i går, vart det enkel kaffimat i dag: Fastelavnsbollar med krem og syltetøy.
Mine eigne geburtsdagar har gått litt i surr for meg, men eg hugsar godt kva eg fekk til 19-årsdagen min, nemleg ei flott klokke. Då var eg ferdig på gymnaset. Klokka gjekk i over 20 år. No har eg mi 3. klokke, også den med dato, noko er eg avhengig av.

5 kommentarer:

Besta sa...

Ser ikkje ut som om han er direkte misnøgd med gåvene.
Eg hugsar ikkje alle fødselsdagsgåver eg har fått,og slett ikkje dei eg har gitt bort. Ikkje klokka di t.d.Men ein gong i min barndom fekk eg eit sett med tre små blomsterpotter+ frø etc. Det vart eg veldig glad for.No var det ikke så mykje å få på butikkane i min barndom.

Besta sa...

Gløymde å gratulere 19-åringen med fin innsats i buret. Vi får vel lese om kampen i Smp. i morgon.

solveig sa...

Juniorkampar er helst Vikebladstoff.Eg hugsar at han de kjøpte klokka av, omkom i ei motorsykkelulykke veka etter.

Besta sa...

Har lese både Sumpen og Vikebladet, men dei må ha gjort feil, for Audun sitt namn er ikkje med.

solveig sa...

Einar hadde skrive i Sunnmørsposten, men det kom i namnet til han som la det ut. Men det er A-laget, Audun spelar på juniorlaget.