fredag 6. februar 2009

Bok 7: Småmorsomt


Dette er boka som kjem etter Doppler. Han er framleis med, men har fått selskap med ei hasjrøykande dame på 92 og ein like gammal speidar.
---
Forfattaren les sjølv. Eg humrar over små vittigheiter, sarkasmer og ironiske utsegn. Eit døme er når Doppler skal køyre lastebil utan sertifikat. Men han hadde hatt moped valfag på ungdomsskulen.
---
Anten treff denne humoren, eller så gjer han det ikkje. Eg liker boka, men meiner Doppler var betre. Les gjerne meir her.

3 kommentarer:

Besta sa...

Eg las denne boka etter å ha mora meg over Doppler, men dette vart for mykje av det gode for meg.Har elles kjensle av at Erlend Loe skal nytast i små porsjonar.

solveig sa...

Enig! Det er ikkje alltid ein ønskjer ein oppfølgjar.

arieldog sa...

Men det er fantastisk å høre forfattaren sjølv lese! Han har ein sånn melakolsk, urkomisk lesestil - kan spesielt anbefale ei opplesing av "L" live i Studentersamfundet i Trondheim. Fantastisk!