måndag 16. februar 2009

Det er dumt å betale for mye!

Torsdag kjøpte vi oss, som tidlegare nemnt på bloggen, ny printer. Den var på eit såkalla kampanjetilbod til 1195,-. Det verka som eit godt tilbod, heilt til laurdag då det kjem i ei avis til 899,-.

Eg veit ikkje korleis andre reagerer på slikt, men eg følte meg snytt. Så i dag tok eg turen ut att. Eg hadde førebudd meg på kva eg skulle seie i tre trinn. Heldigvis var det nok å seie "Hugsar du meg?" og vise kvitteringa. Eg fekk att 296,-, og slapp til dømes å konfrontere dei med slagordet deira.

Pengane fekk bein å gå på i butikken ved sida av. To 25 år gamle kokkeknivar i merket Øyo er sporlaust forsvunne frå heimen. I eit par veker har eg stått med ein filetkniv med stor fare for å skjere meg. Skulle dei gamle dukke opp att, får eg sende dei med keeperen når han vert student. No har eg i alle fall slått til med nye Øyoknivar.

p.s
Det var -20% på knivane.

2 kommentarer:

Besta sa...

Du har alltid vore flink med pengar og økonomi, det ligg kanskje til familien?På farssida.....Blir litt betenkt når du vil sende med studenten kniv når han skal bu på hybel?

solveig sa...

Shoppegenet då?
Studentar må vel skjere mat?
Elles så er det enkelte i familien som synest det er pinleg oppførsel....