torsdag 26. februar 2009

Bok 11: Grei nok


Eit tog sporar av. Alle passasjerane vert frakta til høgfjellshotell på Finse der stormen stenger dei inne. Unni Wilhelmsen i rullestol er ein av dei. Kven var i den bakarste "Kongevogna"? Det skjer to drap på hotellet.
---
Komplottet er spennande. Vi får ei Agatha Cristie-kjensle før forfattaren nemner ho sjølv.
---
Boka høver godt å lytte til medan ein vindauge og golv. Klesvask og stryking går som ein leik. Dei er grei underhaldning, men noko stor litteratur er ikkje dette etter mi meining. Les gjerne meir her.

1 kommentar:

Besta sa...

Anne Holt er ikkje ein av mine favorittar, men ein kan no ikkje berre lese TUNGE bøker heller. Kennedys hjerne er ei heller deprimerande bok. Den boka eg les på no, er slik at eg må konsentrere meg.