onsdag 18. februar 2009

Bok 9: Lettlesen og underhaldande


Vi vert kjende med forbrytaren i bok, Petter, som seksåring då han viser valdelege tendensar. Han har vorte misbrukt av mor si, og etter ein stygg episode i barnehagen, gir fostermora opp. Han veks opp på ein institusjon.
--
I boka møter vi fleire typar. Eg har fundert på korleis vi greier å halde personane og namna frå kvarandre, noko som lett kan bli eit problem i lydbøker. For det første introduserer ho dei slik at vi ser dei for oss, og for det andre brukar ho konsekvent for- og etternamn.
--
Anne B sparkar litt hit og dit. Vi forstår kva ho vil seie når ho let heimehjelpa stille med ei lang liste over ting ho ikkje kan gjere.
--
Eg likte boka. Ho er godt oppbygd. Les gjerne meir her

3 kommentarer:

Besta sa...

Anne B kan kunsten å fortelje, det blir sjeldan kjedelig. Denne boka har eg ikkje lese, men Vanære som du har begynt på no, las eg for fleire år sidan. Den er veldig bra!

arieldog sa...

Eg likte den ikkje - altfor forutsigbar og enkel etter min smak...

Besta sa...

Anne B. er ikkje min favoritt. Den einaste virkelig GODE boka ho har skrive er Arsenikktårnet.Elles blir eg meir kritisk til meir eg les.Men når eg tenkjer etter, var eg vel litt for kritisk når det gjeld den siste boka eg blogga. Eg trur kanskje den ville ha vore ei bok å legge opp på Vidaregåande:kort, lettlesen, men med mange diskusjonstema.