søndag 19. juli 2009

Kjøkenmuseum

Litt meir frå Wadköping, Örebro.
I eit av husa hadde dei innreidd eit kjøken slik det må ha vore for 100(?)år sidan. Karen på slagbenken snorka høgt til glede for borna som stakk innom.
Her er mange artige detaljar. Heng der ikkje eit vaskebrett og? Dei hadde tydelegvis ikkje innlagt vatn. Klikk gjerne på bilda!

Og så måtte eg ta eit nærbilde av komfyren.


2 kommentarer:

Besta sa...

Trur ikkje at du må så langt tilbake som 100 år for å finne slike interiør, det meste er kjent for meg.Eg var ikkje inne i dette museet, det skulle eg sikkert ha vore.

solveig sa...

Det trur ikkje eg heller. Men noko meir enn 100 år, meiner eg det ikkje kan vere!