onsdag 1. juli 2009

1. juli

Luftløk er kjekt å ha i hagen. Eg har allereie gitt vekk eit par tuer i år. Kvar løk får ein klase småløkar i toppen. Desse kan ein stikke i jorda og dei veks til nye løkar. Både løkane og graset kan brukast i maten. Det er kjekt å gå ut i hagen å finne mat til middagen eller salaten.
Denne kvite rosa blomstrar ein gong i året.

Aloha-rose-avleggaren har no fått knoppar!

Her kan det bli skvåsj til vi kjem heim frå ferie!

Ingen kommentarer: