Til i går laga eg heimelaga is av eggeplommene eg løyvde etter desserten. Til ei form på 1,8 liter brukte eg 5 eggeplommer. Eg tok utgangspunkt i denne oppskrifta.
I ein bolle piskar eg 5 dl kremfløyte halvstiv d.v.s litt mindre stiv enn til blautkake.
I ein annan bolle piskar eg skikkeleg stiv eggedosis av 5-6 eggeplommer, 5 ms sukker (her kan eg tenke meg å prøve med mindre) og 3-4 ts (ekte!) vaniljesukker.
Eg blandar krem og eggedosis forsiktig med slikkepott. Dette vert fin is. Eg rører aldri i isen. Etter mi erfaring går det heilt fint utan. Kenwooden piskar flott eggedosis.
Til isen serverte eg kirsebær. Avslørt? Desse glasa kosta mellom 20 og 25 (svenske!) kroner på Coop i Örebro.
3 kommentarer:
Her i huset har vi to gonger ete (bittesmå) jordbær med vanilesaus,noko vi aldri brukar å ha.Dessert er framandord her i huset.
Kaka di inneheld samme ingrediensane som desserten "min". Men eg kjøper ferdige marengs på butikken som eg knuser litt og legg lagvis med vaniljekren(ferdigkjøpt), fløytekrem og bær(gjerne rips)i ei skål. Verdens mest lettvinte dessert og laga på 5 min.MAX. Men desserten er kjempegod.Og kan varierast.Berre prøv.
vaniljesaus, vaniljekrem. Kva tid skal eg lære meg å lese over det eg skriv før eg publiserer?
Eg meska meg med ei mektig sjokoladekake med jordbær på til dessert på Kaffikari i går... Laurdagane går det i snop til barne-tv, og ingen dessert.
Legg inn en kommentar