onsdag 15. juli 2009

Bok 40: Verdsklasse

I dag har eg lese ei halv bok. Det er to grunnar til det. For det første trur eg lånefristen er ute i morgon. Her må eg berre legge til at no skal eg skaffe meg passord slik at eg kan eventuelt forlenge lånetid. Det har eg ikkje hatt bruk for før. Men så lånte eg to papirbøker.

For det andre er dette ein pageturner. Handlinga er lagt til Sør-Afrika på 1700-1800-talet. Den er basert på verkelege personar og handlingar. Men fantasien har fått godt spelerom. Les meir her.

p.s.
Forfattaren er med i "1001 bøker", men med andre bøker.



4 kommentarer:

arieldog sa...

Ja, denne boka forventar eg faktisk at du likar!

Besta sa...

Rett og slett ei av dei beste bøkene eg har lese.Eg har blogga den også.

solveig sa...

Ja, dette er kvalitetslitteratur - i verdsklasse. Eg vurderer å gje meg i kast med 1001 bøker, bakfrå, d.v.s dei nyaste først. Men så må ein få med seg det nye og!

solveig sa...

Det heilt nye, meiner eg!