tysdag 28. juli 2009

When will they ever learn?

Eg vil ikkje hevde at eg har tunnelskrekk. Det ville ikkje vere rett mot dei som verkeleg slit. Men eg likte meg ikkje i Eiksundtunnelen dei første gongane eg køyrde der. Etter kvart har eg blit van med han, og synest det er heilt greitt. Eg tenkjer ikkje lenger på at eg er langt undet havet.

Så skjer det som ikkje skal skje. To bilar kolliderer, og fem menneske døyr. Årak: (m.a.)Stor fart.

I dag var første gongen eg sjølv køyrde i tunnelen etter den tragiske hendinga. Den utrygge kjensla har kome attende. No er det ikkje redsel for å få fjell eller vatn i hovudet, men å få ein bil i full fart midt i mot. Men det var fin køyring innover.

På ein butikk i Ørsta overhøyrde eg ein samtale om Eiksundulykka.
- Og det verste e at no he dei bjønt å ska slå den rekorden også!

På heimvegen har eg grubla mykje over kva som må til for at folk skal lære. Eg meiner at der må settast opp overvakingskamera og fartsmålarar opp så mange stader i tunnelen at det ikkje går an å akslerere. Folk må ha rett til å føle seg trygge.

Språk er makt.
Er det ei ulykke? Ein tragedie, ja, men er det ei ulykke? Er det berre noko som går gale? Kva med råkøyring med døden til følgje? Poenget mitt er ikkje å legge steinar på børene til famile og vener, men eg trur at viss vi skal få bukt med råkøyringa, må vi kalle ein spade for ein spade.

Viss folk verkeleg veit at det framleis pågår råkøyring i tunnelen, er det deira simple plikt å plukke opp telefonen og melde frå, elles er dei medskuldige i neste drap. Naboen min, bror hans og tre born køyrde heim att fire minutt før ulsteinvikaren som var på feil plass til feil tid.

1 kommentar:

Olaug sa...

Etter mi meining er det mange som køyrer rundt som aldri skulle hatt sertifikat. Ikkje fordi dei ikkje kan køyre bil, men fordi dei er umodne. Dei forstår ikkje kor stort ansvar dei har. Og unge menneske ser ofte på seg sjølv, meir eller mindre bevisst, som udødelige.Eg snakkar av erfaring.