torsdag 9. juli 2009

Dyr dag

I dag har det plaska ned. Øystein fekk 2. korrekturen sin på mail og måtte bruke tid på den. Resten av familien vart plassert på næraste kjøpesenter i Marieberg med avtale om henting etter tre timar. Dei timane gjekk fort. Heldigvis møtte vi slektningar med bil slik at vi fekk sleppe å slepe rundt på alt vi hadde kjøpt. Det er avslappande å berre dra kortet, så slepp ein å telje pengar. I dag har eg fått kledd opp ungane. Litt kaninutstyr vert det sjølvsagt....
...... og litt kjøkenutstyr. Slike teflonbakepapir har eg vore på jakt etter. Eg såg dei i svogeren min sin Claes Ohlson-katalog i går. I dag fann eg dei. Pris? 33,33 (svenske!)kroner. No har eg sikra meg nye til skulekjøkenet. Dei "gamle" er minst fem år. Det som øydelegg dei er knivar og pizzaskjerarar ute av kontroll, ikkje vanleg bruk. Pizzabotnar vert best på plater smurde med olivenolje!

No badar ungane i badelandet saman med søskenbarnet frå Molde. Øystein joggar. To familiar satsa på leikeland. Sjølv kosar eg meg med ei fødselsdagsgåve.


1 kommentar:

Besta sa...

Det einaste vi kjøpte i Sverige var mat på kafé og mat på grensa.Ikkje ein einaste ting utanom det.Elles så såg vi levende harar på campingplassen.