torsdag 28. august 2008

Skal eg orke å lese denne ferdig....


...har eg tenkt sidan første CD-en. No har eg høyrt 3 CD-ar og interessa dabbar. No oppdagar eg at eg har gløymt å legge 4. CD-en inn på MP3-en. Kanskje det er lagnaden.
Dersom nokon av blogglesarane anbefalar boka, skal eg vurdere å gå ned på biblioteket og låne den ein gong til!
Trykk på ropeteiknet for bokomtale.

2 kommentarer:

Besta sa...

Denne boka kjempa eg meg igjennom for eit par år sidan. Spør meg ikkje kva den handla om, for eg forstod ikkje bæra. Viss denne kommentaren får deg til å skjerpe deg,og du blir begeistra, skal eg heller prøve ein gong til.

solveig sa...

Ingen fare hittil. No har eg sletta den frå MP3-en og satsar heller på Kjell Ola Dahl si krimbok om gamle heltar.
Eg hadde heller ikkje sansen for språket i Hallberg si bok, vulgært etter min smak, sjølv om det skal skildre eit miljø.