laurdag 23. august 2008

Sølvjenta

Det har vorte lite trening i sommar. Men Håkon og Olaug hadde lyst å springe 60 m i Ørsta. Der var mange fleire deltakarar enn i vår. Både Håkon og Olaug kom først i sitt heat. For Olaug vart det sølv, for Håkon veit vi ikkje. Landets beste vann suverent.

I vår vart det ein langdryg dag. Dei to første timane er berre for rekruttar t.d. I dag vart det ikkje tid til shopping. D.v.s. Håkon og eg gjekk raskt bort og kjøpte ein genser til han. Arrangørane har litt å gå på når det gjeld å få fram resultata.

Vi avslutta Ørstaturen i Starevegen.

3 kommentarer:

arieldog sa...

Gratulerer til spreke barn!

Besta sa...

Godt bilde med Olaug i svevet. Startnummeret 139 ligg att her.Blir spennande å få resultatet frå Håkon sitt løp. Blir det sølv til han også? Gleder meg til å sjå namnet mitt på resultatlista i Møre-Nytt- dei plar utelate mellomnamnet.

solveig sa...

:)
Vanskeleg å seie med Håkon. Det er ein fordel å springe saman med dei beste, og det gjorde ikkje han.
Dei venta i 45 minutt utan at dei las opp resultata. Andre resultat kom etter kvart.