laurdag 2. august 2008

Her var det kvitt!

Som alle andre turistar i Oslo, måtte vi sjølvsagt gå på operataket. Eg er ikkje flink til å bruke solbriller, men viss ein vil opne augene her, er det absolutt å anbefale! Der står folk og sel solbriller på andre sida av gata.
Ein kunne skrive mykje om Oslo sine skyggesider. Vi er ikkje vane med å sjå verken narkomane eller tiggarar. Nytt av året er å selge bestemora si. Om det er rumenarar eller romfolket, er ikkje godt å vite, dei kler seg vel ut. Vi såg fleire eldre damer som tigga. Ei av dei sat og bad høgt for folk som gjekk forbi. Vi gir kun pengar til gatemusikantar som spelar fint.

2 kommentarer:

Besta sa...

Så vidt eg kan sjå har de også kledd dokke i stil med bygget?

solveig sa...

Ja, og det er ein stor fordel med kvite kle i varmen! Grei basisfarge om sommaren.