søndag 3. august 2008

Kjøpt i Olso



Filmen vert aldri så bra som boka. Av og til vert ein svært skuffa når ein har lese boka og får sjå filmen.

Denne filmen vart eg positivt overraska over. Eg stussa då eg såg at aldersgrensa var 11 år. Fotballkampen med pauseunderhaldninga vart det ikkje dvela med i det heile. Den gjorde sterkt inntrykk i boka, men i filmen fekk vi ikkje med oss detaljar. På den måten kan også ungdomar sjå filmen.

At dei snakkar "afgansk" (Kva heiter språket, farsi?), gir også eit meir autentisk inntrykk.

3 kommentarer:

Besta sa...

Farsi er vel språket dei snakkar i Iran? Eg tippar det er fleire språk i Afganistan, men det er no berre å undersøke.

arieldog sa...

Pashto, farsi og dari er dei mest utbreidde språka i Afghanistan, og Dari er den afghanske varianten av farsi, som er iransk. Dette var i alle fall det eg fann ut etter ein liten tur på Google... Og så er det vel nemnt i boka at Amir er pashtunar medan Hassan er hazari, og at hazariane har eit eige språk, hazaragi.

Besta sa...

Ja, så vidt eg har forstått er det mange etniske grupper og tilsvarande mange språk i A. Eg har lært at farsi er eit anna namn for persisk, men ein kan gå ut frå at språkgrensene ofte kryssar politiske grenser.