måndag 12. april 2010

Kyllingklubber

Eg hadde høyrt om kyllinglår og kyllingvingar, men kyllingklubber var nytt for meg.  Derfor vart sjølvsagt ein pakke til 50 kr plassert i handlekorga torsdag då eg var innom Rema 1000.  Coop-kjeden manglar slike rimelege kyllingprodukt som ein finn på både Rema 1000 og Kiwi.

Fordelen med desse såkalla klubbene er at dei er små, så steiketida vert litt kortare.  Ulempa er  den same, dei er små.  Men det er nok til fire personar.  Til små born som ikkje greier eit heilt lår, må dette produktet vere ypparleg.  Eg pensla klubbene med olje og dryssa på Cemo-krydder.  Eg trur det var kotelettkrydder.  Til kylling kan ein bruke dei fleste krydderblandingane.

Tips til meg sjølv: Legg eit teflonark i botnen av langpanna neste gong.  Då vert ho lettare å vaske.  Eg brukar å legge langpanna øvst i oppvaskmaskina oppå glas og koppar.  Men her måtte det to rundar til.

2 kommentarer:

Elin sa...

Så lærte eg noko nytt i dag og! Kyllingklubber...endå noko det ikkje var i 2 ord. Og langpanna i oppvaskemaskina, det har eg aldri tenkt på...eg vaskar nok altfor mykje for hand.

Alt godt sa...

Teflonark eller bakepapir er flott til slikt bruk. Eg brukar det også under båtpoteter, sparer mykje oppvask på den måten.