søndag 4. april 2010

Singer


Eg har fått spørsmål frå ein blogglesar om kva/kven Singer er.  Vi vaks opp med å høyre om mannen som gav pengar til å starte opp sjukehuset på Nordfjordeid, eller Sykehuset som vi av ein eller annan grunn sa.

Morfaren og mormora mi jobba på sjukehuset på Eid då dei traff kvarandre.  Morfar døde før eg var fødd.  Han vart aldri bestefar.  Mormor var kjøkensjef på sjukehuset til ho gjekk av med pensjon i 1974.  Mamma er flinkare med detaljar her.

I alle fall kan de lese meir om den amerikanske mangemillionæren her og her.

Nordfjord Sjukehus og Singer
William H. Singer jr.

Mangemillionæren William Henry Singer jr. i Olden finansierte det meste av Nordfjord sjukehus på Nordfjordeid, som vart opna i 1936.

Singer vart engasjert i helsestellet i distriktet då ein av venene hans i Olden, hotelleigar Sivert W. Yri (1880–1926), måtte sendast heilt til Bergen med ein livstrugande blindtarmbetennelse og døydde på vegen dit. Singer hadde først lova tilskot til eit nytt sjukehus i Florø, men då nordfjordingane starta innsamling til eige sjukehus, vende han pengegåva si dit.

Sjukehuset i Nordfjord fekk elddåpen sin nokre veker etter opninga i 1936, då det måtte ta imot såra etter rasulukka i Lodalen.


Singerheimen i Olden.

3 kommentarer:

Besta sa...

Pappa brukte å køyre overlege Wennevold inn til Singer- (seinare fru Singer-han døde først) ein gong for året, og då hadde han mykje å fortelje når har kom heim att! Elles hadde vi omvising i Singerheimen då mamma fylte 70 år.Eg har også snakka med folk som jobba for fru Singer.
Singer kosta også vegen mellom Innvik og Olden i si tid.Les meir om ekteparet på nettet!
På Eid var det aldri noko som heitte sjukehuset-det var "sykuset" som var namnet.

Besta sa...

Huset var å innreidd i engelsk/amerikansk stil med kjøkken i kjellaren. Så det var Upstairs-downstairs. Hugsar at Boldil og eg fekk halde til i eit kjølig rom ved sidan av kjøkkenet og pynte ferdig kakene vi hadde med. Eit digert kvitskura bord var der som vi hadde til arbeidsbord. Kunne tenkt meg eit slikt ......

Hildegard sa...

Merkelege greier - eg var også inn på nettsida til Singerheimen i går. Då eg gjekk siste året på gymnaset, lånte eg ei bok av Svein om "..Singer som menneske og kunstner.."og skreiv "særoppgåva" mi frå den boka.
Eidabesta