No er vi som eg har fortalt om tidlegare, inne i ein periode med "Brød og tallerken". Halve gruppa, 6-7 elevar bakar grovbrød og dekorerer brødpose, medan resten lagar middag på tallerkar. Brødbakarane er då sjølvsagt gjester. I dag hadde dei to middagsgruppene samarbeidd om planlegginga, så middagane vart omtrent like.
Då dei planla ville dei kjøpe bagettar og lage kvitløksbagettar. Men så var det det at læraren krev at dei lagar frå grunnen av. Så i dag laga dei loffdeig, og så hjelpte eg dei med å lage kvitløksmør til å ha inni. Framgangsmåten var som til "kanel i svingane".
Her er ei enkel oppskrift for røynde bakarar.
4 bagettar
4 dl mjølk
2 ms smør eller olje
1/2- 1 pk gjær
1 ts salt
9-10 dl kveitemjøl
Kvitløksmør
50 g smør
2 båtar kvitløk
urter
(Vi brukte persille og oregano, men basilikum er og godt)
Lag vanleg loffdeig. Hev deigen. Del i fire. Kjevle emna ut til firkantar. Smør på kvitløksmør og rull saman. Hev bagettane. Skjer gjerne nokre snitt i dei før steiking. 225 grader i 15-20 minutt.
1 kommentar:
Brød med kvitløksmør er berre herlig.Altfor godt til at eg kan lage det. Her går det i Ingers!
Legg inn en kommentar