torsdag 2. september 2010

Flora og fauna

Eg har skrytt av at mange av plantane mine har fått ein ny vår.   Eit døme er denne gerberaen som eg fekk av kollega og venninne A 20. februar i år.  Vanlegvis ser eg på gerbera som ein bukett på rot.  Men eg sette den inn på eit bakrom før eg sette den ut på på eit bord på altanen.

Desse campanulaene pynta eg med inne same dag.  Dei har blomstra lenge i sommar.  Fleire potteroser som eg fekk rundt 1. juli, står no med nye knuppar.  Dei eg kjøpte tidleg på våren står ute i beda med knuppar.
Stargazerliljene kjøpte eg som før fortalt, i krukker i fjor.  Er dei ikkje flotte!

Stauden hagegullris(?).
Pelargonien viser seg å bli lysrosa, ja.
Medan eg fotograferte ute, høyrde eg ein merkeleg, ganske høg lyd.  Det var det vesle piggsvinet som forsynte seg av kattematen.  Katten jagar det ikkje vekk.  I følgje katteeigaren er det fordi det er billeg kattemat som Lucy ikkje liker.  Piggsvinet er ikkje så fin på det, og vi ser at det veks.  I Sunnmørsposten las vi at piggsvin gjerne kan få både kattemat og hundemat, men absolutt ikkje mjølk.  Berrre 20 % av ungane lever opp.  Ein får stelle pent med dei!

1 kommentar:

Besta sa...

Eg skulle gjerne hatt både katt og pinnsvin, for det er dyr eg likar. Men når eg kjenner lukta som diverse nabokattar legg att etter seg i bedda våre,er det i alle fall nok kattar i gata. Pinnsvin derimot..........