torsdag 23. september 2010

Utstyr må prøvast II

Dette utstyret stod med glans!  Her er ingen gummiringar som på tilsvarande utstyr til Kenwooden.  Lett å reingjere i oppvaskmaskina.
Eg har lagt ut oppskrift på smoothie før. Dagens variant var med
1 banan
2 dl eplejus
1/4 l jordbæryoghurt
1/2 pk frosne jordbær

Dette er ein fin drikk for dei som kjem att frå trening!

3 kommentarer:

Elin sa...

Ser veldig fin ut denne miksaren. Kva prisklasse ligg han i? Kor stor eltebolle er der? Er det eit alt i eitt-alternativ, food proc., gjærdeig, shakar m.m.?

Tove sin strikkeside sa...

Denne så god ut. Hva mener du med 1/2 pl jordbær? Hva beyr pl i denne sammenhengen?

solveig sa...

Tove: No retta til pk, 2 dl står det i oppskrifta, men det er godt med rikeleg. Vert smoothien for tjukk, er det berre å ha i meir eplejus.
Elin:Miksaren vil eg seie er nok for dei som ikkje vil bake brød ...
Prisen var 1695 kr, altså ei dyr maskin. Den første foodprosessoren min sparte eg inn att på å lage barnemat. Her kan ein begynne med hurtigmiksaren , via kniven og til små bitar.
Må berre innrømme at eg er glad i maskiner ...