laurdag 11. september 2010

Dårleg teikn


Også i dag har Sunnmørsposten ei heil side om piggsvin; "Piggsvin trenger hjelp". Vi kan lese at ein hard vinter gjer at piggsvina slit meir enn vanleg i år.  Ungane er fødde seint, og dei kan få problem med å nå 750 g til vinterdvalen i oktober.

Piggsvinungar ute på dagtid er eit teikn på at noko er gale.  Kva kan ein gjere?  På http://www.pinnsvinhjelpen.com/26623361 kan ein lese om kva ein bør gje dei.  "Våre piggsvin" stel frå katten.  Når vi ligg med ope soveromsvindauge, høyrer vi at det er piggsvin som knaskar i seg tørrfor og ikkje katten.

Så spørs det om Pelle dukkar opp så vi får legge han på kjøkenvekta.

3 kommentarer:

Besta sa...

Prøvde å legge pinnsvinlenkja inn på FB men fekk det ikkje til.

Olaug sa...

Eg fekk det til slik: Du må vere pålogga Facebook. Opne eit nytt vindu med det du vil legge ut. Trykk på Del på Facebook nederst på sida, då skjer det automatisk.

Olaug sa...

Hm, her var det visst ikkje eg som var pålogga blogspot. Solveig.