I dag feira vi mamma på Sæbø.
Ho feira dagen saman med gode naboar frå Starevegen i tillegg til oss to døtrene med familiar. Ho overlet matlaginga til hotellkokken. Eg veit ikkje kven det var, men nydeleg mat laga han/ho. Der var fleire varme rettar på buffén i tillegg til lakserettar og spekemat. Det har vore skikkeleg innever i dag, og eg synest det smakte spesielt godt med lammeskankar og anna varm mat.
Desse to framførte song til mormor som dei hadde dikta sjølve.Vi fekk trekke oss attende til ei stove i 2. etasje der vi fekk vere for oss sjølve.
Kakebordet må sjølvsagt fotograferast!
Fotoapparatet mitt samarbeidde ikkje i dag. Det er godt å bruke ute og inne her i huset, men i større lokale vert det nok for lite. Eg skal kjøpe meg speilreflekskamera, men har vore usikker på skilnaden på dei ulike variantane. I dag fekk eg ein kort leksjon av stjernemannen, som frøkna kallar han. Han tok mange bilde, så eg håper mamma dei tilsendt.
1 kommentar:
Uff. Bilde av meg sjølv tek frå meg alle illusjonar om at eg ser ut som 69.Elles var det ein hyggelig dag.
Legg inn en kommentar