I dag fyller mamma, eller Besta som ho kallar seg på bloggen, 70 år. Familiebildet er frå i sommar. Olaug er mor til tre og bestemor til elleve.
No står vi på farten og skal køyre til Sæbø for å feire henne saman med gode naboar. Meir feiring kan det bli seinare.
2 kommentarer:
Her har det gått litt fort i svingane. Eg er rettnok mormor til åtte, men bestemor til 11.Dessverre blir ikkje "farmor-ungane" med i dag.
Eg hadde skrive mormor til åtte og skulle til å skrive farmor til tre då eg ombestemte meg og ville skrive bestemor til elleve. Ein eller annan gong vart eg forstyrra. Vert rette no!
Legg inn en kommentar